Logo: Den kulturelle skolesekken, Aust-Agder SPØRSMÅL?
TURNÉPLAN

VÅREN 2004

> STARTSIDE
> PROGRAMTILBUD
> KONTAKT OSS
> SØKNADSSKJEMA
> OM SKOLESEKKEN
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

LOKAL BYGGJESKIKK
Skuleopplegg ved Setesdalsmuseet
 

Korleis bygde og budde dei tidlegare?
Setesdalsmuseet eig Rygnestadtunet med det kjende Rygnestad-loftet og har eit opplegg for barneskulen tilpassa L97 i faget Kunst og handverk med utgangspunkt i bygningane på Rygnestad. Rygnestadtunet er eit autentisk gardstun med bygningsmasse som strekk seg frå mellomalderen fram til ca. 1900. Målet er å lære elevane om gamal byggjeskikk og om korleis folk budde i desse husa tidlegare. I dette opplegget er det lagt stor vekt på elevaktivitet for å gjere museumsbesøket til ei positiv og lærerik oppleving.

Teori og aktivitet
Opplegget startar på Rygnestadtunet. Der får elevane høyre og sjå korleis folk budde og korleis husa vart bygd. Etter å ha sett på bygningane reiser ein ned til sentralbygget til Setesdalsmuseet, som ligg på Rysstad. Her har museet eit byggjesett med laftestokkar som elevane får prøve. Byggjesettet består av 2" x 4" stokkar, der dei lengste stokkane er 215 cm. Elevane kan såleis byggje eit hus som er så stort at dei kan gå inn i det etterpå.

Målgruppe: 1. - 5. klasse
I Kunst og handverk har L97 lagt lærestoff om byggjeskikk til alle dei fem fyrste klassetrinna. Opplegget høver også godt i forhold til L97 sine mål i samfunnsfag for 1. - 4. klasse.

Vilkår:
Opplegget er gratis. 
Klassene må sjølv ordne med transport.For at utbyttet av opplegget skal verte best mogleg, vert det anbefala at det ikkje kjem meir enn ein klasse av gongen.
Opplegget kan kombinerast med andre opplegg som Setesdalsmuseet har, t.d. eit opplegg om draktskikken i Setesdal, som er berekna på 4. - 5. klasse.


På Rygnestad
 


Aktivitet på museet

 
 

Kontakt:
Aust-Agder 
museumstjeneste 
v/ Roald Hanssen
Fylkeshuset, 
4809 Arendal
Tlf. 37 01 76 30



Setesdalsmuseet, Rysstad, Valle 
Tlf: 37 93 63 03, fax: 37 93 63 23
E-post: post@setesdalsmuseet.no
Heimeside: www.setesdalsmuseet.no

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 


AUST-AGDER BIBLIOTEK OG KULTURFORMIDLING - TLF 37 01 39 20 - FAX 37 01 39 75 - E-POST: SKOLESEKKEN@AA-F.KOMMUNE.NO