LOKAL
BYGGJESKIKK
Skuleopplegg ved Setesdalsmuseet
Korleis bygde og budde dei tidlegare?
Setesdalsmuseet eig Rygnestadtunet med
det kjende Rygnestad-loftet og har eit opplegg for barneskulen tilpassa
L97 i faget Kunst og handverk med utgangspunkt i bygningane på
Rygnestad. Rygnestadtunet er eit autentisk gardstun med bygningsmasse som
strekk seg frå mellomalderen fram til ca. 1900. Målet er å
lære elevane om gamal byggjeskikk og om korleis folk budde i desse
husa tidlegare. I dette opplegget er det lagt stor vekt på elevaktivitet
for å gjere museumsbesøket til ei positiv og lærerik
oppleving.
Teori og aktivitet:
Opplegget startar på Rygnestadtunet.
Der får elevane høyre og sjå korleis folk budde og korleis
husa vart bygd. Etter å ha sett på bygningane reiser ein ned
til sentralbygget til Setesdalsmuseet, som ligg på Rysstad. Her har
museet eit byggjesett med laftestokkar som elevane får prøve.
Byggjesettet består av 2" x 4" stokkar, der dei lengste stokkane
er 215 cm. Elevane kan såleis byggje eit hus som er så stort
at dei kan gå inn i det etterpå.
Målgruppe: 1. - 5. klasse
I Kunst og handverk har L97 lagt
lærestoff om byggjeskikk til alle dei fem fyrste klassetrinna. Opplegget
høver også godt i forhold til L97 sine mål i samfunnsfag
for 1. - 4. klasse.
Maks antall elevar: For at utbyttet
av opplegget skal verte best mogleg, vert det anbefala at det ikkje kjem
meir enn ein klasse av gongen.
Pris: Opplegget er gratis.
Vilkår: Klassene må
sjølv ordne med transport. Opplegget kan kombinerast med andre opplegg
som Setesdalsmuseet har, t.d. eit opplegg om draktskikken i Setesdal, som
er berekna på 4. - 5. klasse.
Kontaktperson kulturarv/museum:
Roald Hanssen, Tlf. 37 07 35 30
Aust-Agder kulturhistoriske senter, museumstjenesten,
Parkveien 16, Arendal
Turnékoordinator Skolesekken: Mats
Aronsen tlf. 370 13928
Turnélegger Skolesekken: Ann-Kristin
Bilstad tlf. 370 13923 |