SKATTKISTA:

Kjelde til  leseglede og leselyst.
Biblioteksamarbeid for 
små, lesesterke 
 setesdølar


 

[ Tilbake ]


Valle folkebibliotek 

SKATTKISTA : kjelde til leseglede og leselyst
- biblioteksamarbeid for små, lesesterke setesdølar
 

Målgruppe:
Valle folkebibliotek vil i prosjektet ” Skattkista : kjelde til leseglede og leselyst” spesielt vende seg til 3.kl.
Fleire av elevane har no lært  å lese, og det er viktig å  stimulere dei til å lese så mykje som råd. Det er like viktig å gje elevar med teknisk dårleg lesedugleik  lesestoff som er tilpassa dei.  Det er viktig å auke lesegleda for båe gruppene.

Vi vil fremje biblioteket som ei skattkiste,  ein trygg språk-og lesestimulerande møteplass for borna, og vi vil aktivt trekkje inn foreldra for å  auke kunnskapen deira om språkstimulering og leseutvikling.
For dei tospråklege borna må  biblioteket vere til hjelp både i morsmålsopplæring og i norskopplæring.
Den nynorske barnebokskatten vil liggje til grunn for  vår deltaking i prosjektet.

Tiltak:
Kjøpa ei skattkiste med egen logo for prosjektet

1.Byggje opp ei samling for born og foreldre:
            språkstimulerande spel og leiker
            skrive- og teikneutstyr
            barnebøker på nynorsk  
            lydbøker på nynorsk 
            lettlesbøker på nynorsk
            litteratur om språkstimulering og leseopplæring
            boklister

2.Tilskipingar på biblioteket:
           leseliga
           høgtlesing
           lesestafett
           heksekveld
           dokketeater
           tevlingar
           bamsefest
           Skattkistefest (23.april) der 3.klasseelevane les for born i barnehagen.

Tilskipingane er på biblioteket i skuletida, så det må vere eit godt samarbeid mellom skulane og folkebiblioteket.  Det kan vel hende vi vil ha arrangement om kvelden, og då vert foreldra oppmoda til å vere med. Biblioteksjefen vil  vere med på foreldremøte på skulane for å formidle bibliotektilboda  til brukarar  i alle aldrar; stimulere til høgtlesing for borna - også  for dei som har lært å lese.
Eit viktig mål er å få foreldra og borna til å verte gode brukarar av biblioteket sine tilbod.
 

Samarbeidspartnarar i kommunen:
Valle har 2 barneskular, og det er meininga at det vert gjeve tilbod til båe 3.klassane.
Klassestyrarane for desse klassane vert dei viktigaste samarbeidspartnarane, men det er og viktig å få med rektorane og skulesjefen. Alle desse har gjeve sin tilslutnad til prosjektet.
 

Omfang:
Kvar skule får tilbod om ein dobbeltime på biblioteket ein gong pr.mnd.(eller 1 time anna- kvar veke). Med førearbeid og etterarbeid vil det verte om lag 10 timar pr.mnd.  for biblioteksjefen i Valle.

Ved slutten av skuleåret hadde det vore ynskjeleg å kunne gje kvar elev ei bok som gåve som bevis på eit vonleg triveleg år på biblioteket. Her er det små klassar – om lag 10 elevar pr.klasse –det burde vere overkomeleg.