SKATTKISTA:

Kjelde til  leseglede og leselyst.
Biblioteksamarbeid for 
små, lesesterke 
 setesdølar


 

[ Tilbake ]

Søknadsskjema for tilskot frå ABM-utvikling
 
 
Namn på søkjar:
Biblioteka i Setesdal ved Bygland folkebibliotek

Andre prosjektdeltakarar:
Bykle folkebibliotek
Evje og Hornnes bibliotek
Iveland folkebibliotek
Valle folkebibliotek
Aust-Agder bibliotek- og kulturformidling

Adresse:
4745 Bygland
Prosjektansvarleg/kontaktperson: 
Mari Rygg, biblioteksjef Bygland kommune
Tlf:                Faks:            E-post:
37934700       37935228       folkebibl@bygland.kommune.no
Tittel på prosjektet:
Skattkista: kjelde til leseglede og leselyst.
Biblioteksamarbeid for små, lesesterke setesdølar.
Kort prosjektbeskrivelse, inntil 100 ord (skal brukast som informasjon):
Biblioteka i 5 Setesdalskommunar vil i samarbeid med fylkesbiblioteket gjere ein felles innsats for leselyst og leseglede blant dei yngste setesdølane, med fokus på den nynorske litteraturen. Prosjektet vil styrkje samarbeid på  tvers av kommunegrenser og sektorar, og gi inspirasjon og støtte til biblioteksjefane i ein region med små 1-mannsbibliotek. Målgrupper er barn i førskule og småskule, pluss vaksne formidlarar. Røynsler og samarbeid undervegs vil styrkje kompetanse og nettverksbyggjing. Skattkista skal nyttast både som eit visuelt symbol, som ei konkret kiste fylt med skattar, og som eit bilete på biblioteka sine roller i oppvekstmiljøet i kommunane.
Prosjektets målgruppe:
Målgruppa er først og fremst barn i førskulealder og dei første 4 åra på skulen.Vi vil og nå foreldre, barnehagetilsette, lærarar, tilsette i biblioteka og andre som arbeider med ungane i den aktuelle aldersgruppa.
Konkretiser kva deler av prosjektet som er nyutvikling:
Vi vil utvikle og utvide samarbeidet mellom biblioteka i dei 5 Setesdalskommunane uavhengig av kommunegrensene. Fylkesbiblioteket vil og vere med i dette arbeidet.
  • Finne ut noko meir om korleis vi best kan hjelpe kvarandre med ulike tenester her på landsbygda, t.d. korleis vi best kan få utnytta den kompetansen vi sit inne med i kvar kommune.
  • Utvikle eit betre samarbeid med andre som arbeider med den same målgruppa innan den enkelte kommunen.
  • Utvikle betre måtar å utveksle erfaringar på når det gjeld konkrete opplegg for ulike aldersgrupper.
  • Gje idear til korleis andre små bibliotek kan samarbeide for å få opp leselysta og lesegleda til nokre av brukargruppene sine.
Gjør greie for prosjektets overføringsverdi og korleis denne skal formidlast til andre institusjonar:
Samarbeid på tvers av kommunegrensene tvingar seg fram over alt. Difor vil røynsle med  samarbeidsformer på ulike felt mellom kommunane vere til nytte for andre i same situasjon som Setesdalskommunane ( t.d. den stramme kommuneøkonomien, stort sett 1 tilsett på biblioteket osv.).

Det skal utarbeidast ein rapport etter at prosjektet er over. Han vil innehalde:

  • ei evaluering av  korleis arbeidet har påverka leselysta og lesegleda hjå målgruppa.
  • korleis samarbeidet mellom kommunane har utvikla seg
  • korleis samarbeidet innan kvar kommune har utvikla seg
  • om biblioteket har vorte ei skattkiste for ungane
Alle biblioteka fører logg over aktivitetane i sin kommune.

For å kunne formidle resultat , vil vi bruke desse evalueringsmetodane: 

  1. Skriftleg uttale frå skulane når det gjeld leseinteressa og lesedugleiken i klassane ved prosjektets slutt.
  2. Regelmessige evalueringsmøte kvart halvår der alle biblioteksjefane er med.
    • Har prosjektet gjeve støtte og inspirasjon til den enkelte bibliotekaren og styrkt samhandlinga mellom kommunane? 
    • Har fellesinnsatsen til biblioteka for lesestimuleringa vorte styrkt?
    • Er graden av samhandling med skular, barnehagar og andre aktuelle samarbeidspartnarar styrkt i kommunane? 
    • Har biblioteket vorte ei skattkiste for barna: besøkstal, utlånstal, aktivitetsauke?


    Rapporten kan formidlast via internett, postlister, fagblad, evt. utdrag i dagspressa, nærradio / TV.

Samarbeidspartar:
Prosjektleiar:
Biblioteksjefen i Bygland kommune (10%).

Arbeidsgruppe:5 biblioteksjefar
1 representant frå Aust-Agder bibliotek og kulturformidling
Kvar biblioteksjef trekkjer inn aktuelle samarbeidspartnarar lokalt i høve til tiltak som blir starta opp (lærarar, skulebibliotekarar, barnehagetilsette, helsesøster osv.).

Budsjett (se også eget skjema vedlagt)                                    Beløp (NOK)
  Løn: 304 000
  Driftsmidlar: 629 000
  Sum prosjektkostnader totalt 933 000
  Egeninnsats 380 000
  Søknadssum ABM 553 000
Er det tidlegare søkt om midlar frå Norsk museumsutvikling eller
Statens bibliotektilsyn til prosjektet?
Nei.
Prosjektframstilling med mål, problemstilling og metode (inntil 5 sider) (Bruk eige skjema dersom dette er hensiktsmessig):

Innleiing:
Aust-Agder er eit fylke med få innbyggjarar, men med lange avstandar. Av dei noko over 100 000 innbyggjarane bur omlag 80% av desse i kystbyane. 
Setesdalsregionen er 5 små innlandskommunar med store avstandar mellom kommunesentra. 
Det er 15 mil frå Bykle i nord til Iveland i sør.
Innbyggjartala: Bykle 884, Iveland 1130, Bygland 1351, Valle 1437 og Evje og Hornnes 3368.
Evje og Hornnes er prega av store omstillingar fordi Evjemoen (militærleir) er nedlagt for kort tid sidan.
Det er berre 1 tilsett ved kvart bibliotek og desse har ulik utdanning og erfaring, noko som fører til stor variasjon i aktiviteten.

Problemstilling: 
Alle biblioteka er deltakarar i fylkesbiblioteket sitt rettleiingsprosjekt. Her er målet å styrkje den bibliotekfaglege kompetansen, styrkje endringskompetansen, stimulere til nytenking og utviklingsarbeid. Sist, men ikkje minst, ønskjer ein å styrkje nettverksbyggjing og samarbeid over kommunegrensene.

Biblioteka har vorte samde om i fellesskap å styrkje innsatsen i samarbeidet med barnehagane og skulane når det gjeld arbeidet med lesestimulering blant born. Alle kommunane har i dag fokus på lesing i skulen (sjå vedlegg):

  • ”Skriftspråkopplæring” – alle skulane i kommunane er involverte.
  • ”Ungdom inn i teksten” - Evje og Hornnes kommune er involvert.
Bakgrunnen for ei slik satsing er dei mange alarmerande leseundersøkingane som dokumenterer at det står dårleg til med leseevna og leselysta blant norske born. Den siste undersøkinga som nyleg er presentert (PIRLS 2001) konkluderer med at det står aller dårlegast til med lesedugleiken til nynorskelevane. I Setesdal har dei aller fleste skulane nynorsk som hovudmål, og fokuset vårt vil vi difor setje på den nynorske litteraturen.

Mål:

  1. Prosjektet skal hjelpe til å få fram lesesterke setesdølar med størst vekt på nynorsk-litteraturen.
  2. Biblioteka skal vere ei skattkiste for utvikling av leselyst og leseglede.
  3. Prosjektet skal gi inspirasjon og støtte til den enkelte bibliotekar, med fokus på samhandling og erfaringsutveksling.
  4. Prosjektet skal auke samhandlinga over kommunegrensene med utgangspunkt i felles innsats for lesestimulering.
  5. Biblioteka skal styrke samhandlinga med skular, barnehagar og andre aktuelle samarbeidspartnarar i arbeidet med lesestimulering. Samarbeid med skulebiblioteka er viktig.
Metode:
Skuleår 1:
 
1. Kvar kommune vel sine målgrupper, samarbeidspartnarar og tiltak.Biblioteksjefane stør kvarandre der det er ønskjeleg og mogleg. Kvar biblioteksjef lagar sin eigen plan, som blir sendt til dei andre i samarbeidsgruppa.

Skattkista skal brukast som eit felles symbol og logo for prosjektet, både i marknadsføring og informasjon. Dessutan vil alle biblioteka skaffe seg ei fin skattkiste som dei fyller opp med ulike skattar, bøker, eventyr og forteljingar. Den lokale sogetradisjonen i Setesdal vil og vere aktuell i denne samanhengen.

Førskulebarn:
Barnehageopplegg, førskulegrupper, bokgåve, lesestimuleringspakke / koffert til helsesøster, brosjyre til foreldre om språk- og lesestimulering.
Grunnskulen:
Adopsjon av enkeltklassar / klassetrinn, høgtlesingsgrupper, bokmeldingar på nett, bokveker, lesetevlingar, forfattarbesøk, skrivekurs, utstillingar.

Det skipast til ein ”Skattkistefest” i kvar kommune på den internasjonale bokdagen 23. april kvart år.
 

2.  Tiltak i samarbeid med fylkesbiblioteket:
Kompetansetiltak for lærarar, bibliotektilsette, og foreldre.
Inspirasjonstiltak med bokbussen: Turné med forfattar / forteljar / musikar.

Skuleår 2:
Erfaringar frå skuleår 1 blir gjort kjende for dei andre kommunane. 
Kommunane kan kopiere utprøvde tiltak frå nabokommunane. 
Størst mogleg grad av samarbeid om tiltak.
Der det er aktuelt kan fleire av kommunane gå saman om tiltak og målgrupper. 

Framdriftsplan:

Hausten 2003 
           Prosjektstart ved skulestart 2003: 
                Bykle: Førskuleborn 
                Bygland: 1.-2.klasse 
                Evje og Hornnes: 4.klasse
                Iveland: Førskuleborn
                Valle: 3.klasse 
          Bokbussturné til skular og barnehagar.
          Bokprat for foreldre, lærarar og førskulelærarar i kvar kommune. 
          Fagleg seminar for vaksne formidlarar frå alle kommunane. Erfaringsutveksling (via postliste t.d.)

Våren 2004
          Gjennomføring av dei planlagde tiltaka i kvar kommune / kommunar i fellesskap,
          Skattkistefest 23.april (bokdagen) i alle biblioteka.
          Erfaringsutveksling og evaluering.

Hausten 2004
           Gjennomføring av dei planlagde tiltaka i kvar kommune / kommunar i fellesskap, 
            valde i samsvar med erfaringar og evaluering. 
            Bokbussturné til skular og barnehagar. 
            Bokprat for foreldre, lærarar og førskulelærarar i kvar kommune.
            Fagleg seminar med deltakarar frå alle kommunane. 

Våren 2005 
           Gjennomføring av tiltak i kvar kommune, vald ut frå evaluering av tiltaka som vart gjennomført om hausten.
           Avslutning med skattkistefest.

Stad: Bygland                  dato  14.05.03

Mari Rygg
organisasjonens administrative leiar