Skattkista : kjelde til
leseglede og leselyst
- biblioteksamarbeid for
små, lesesterke setesdølar
Prosjektplan for Evje og
Hornnes bibliotek.
Målgruppe.
4.klasse ved Hornnes barneskole. Vil ved
å påvirke ekstra sterkt til lesing, gje elevane ein god start
i den fasen der dei skal lære å forstå det dei les. La
dei bade i bøker !
Jo meir lesetrening jo betre lesarar.
Kvifor 4. klasse.
Valde 4. klasse primært for å
få ei spreidning i målgrupper innan prosjektet.
Dessutan er dette ein klasse med nynorsk
som hovudmål og prosjektet skal leggje vekt på nynorsk.
Samarbeidspartnarar i kommunen.
Rektor og klassestyrer ved Hornnes barneskole.
Det er gjort avtale med klassestyrar for
4. klasse.
Type tiltak.
Adopsjon av 4. klasse. Dei skal kome regelmessig
til biblioteket.
Ha eigen plass til utstilling av elevane
sine boktips , teikningar, bilete av klassen osb.
Kjøpe inn ei skattkiste
Kjøpe inn sitteputer og spel for
å lage ein stimulerande kosekrok.
Oppfølgjing og samtale om dei bøkene
dei har lese sidan sist.
Arrangement i biblioteket vår og
haust.
Kvar elev fører ein logg over dei
bøkene dei har lese, og kva dei meinte om boka. Diplom etter kvar
tiande leste bok.
Høgtlesing.
Boksamlingar på nynorsk som kan
plasserast ut som depot i klassen.
Skattkistefest 23 april ( Den internasjonale
bokdagen)
Samarbeid med fylkesbiblioteket om eksterne
foredragshaldarar som kan kome på
foreldremøte for å snakke
om nye bøker.
Omfang
I utgangspunktet vil biblioteket tilby
ein dobbelttime i månaden.
Dette vil krevje førebuingar for
biblioteksjefen ved at eg må ha lese dei bøkene elevane les
slik at vi kan ha ein samtale om bøkene.
Eg må ha tid til å setje meg
inn i alt som kjem av nye barnebøker som passar for denne gruppa.
Det kan bli nødvendig å leie
inn vikar til å ta opningstid i biblioteket for å frigjere
tid til prosjektarbeidet.
|