SKATTKISTA: KJELDE TIL LESEGLEDE
OG LESELYST
- PLANEN FOR BYGLAND KOMMUNE
Målgruppe:
I prosjektet Skattkista vil Bygland folkebibliotek
arbeide saman med 1. og 2.klassingane på dei to barneskulane i kommunen.
På skulen skal elevane lære
å lese. Biblioteket vil gjerne vere med å stimulere leselysta
frå første stund. Da treng ungane lesestoff som er tilpassa
deira alder.
Det er viktig at ungane blir kjende med
biblioteket på heimplassen sin. Dette er ein triveleg stad å
vere, der ein kan finne mykje interessant å halde på med.
Foreldra skal få tilbod om aktivitetar
for å auke kunnskapen deira om språkstimulering og leseutvikling.
Biblioteket kan og vere til hjelp for
dei tospråklege borna i kommunen.
Biblioteket vil leggje vekt på å
nytte den nynorske barnebokskatten.
Tiltak:
Kjøpa ei skattkiste med egen logo
for prosjektet
Byggje opp ei samling for born og foreldre
av:
språkstimulerande spel og leikar
skrive- og teikneutstyr
barnebøker på nynorsk
lydbøker på nynorsk
lettlesbøker på nynorsk
litteratur om språkstimulering og leseopplæring
boklister
Tilskipingar på biblioteket:
høgtlesing
lesegrupper
dokketeater
bamsefest, evt andre samkomer
tevlingar
utstilling på biblioteket der vi viser fram litt av det vi har gjort
skattkistefest til avslutning på året
Tilskipingane er på biblioteket i
skuletida, så det må vere eit godt samarbeid mellom skulane
og folkebiblioteket.
Det kan vel hende vi vil ha arrangement
om kvelden, og da blir foreldra oppmoda om å vere med.
Biblioteksjefen vil vere med på
foreldremøte på skulane for å formidle bibliotektilboda
til brukarar i alle aldrar og stimulere til høgtlesing for borna
(også for dei som har lært å lese).
Eit viktig mål er å få
foreldre og born til å bli gode brukarar av biblioteket sine tilbod.
Samarbeidspartnarar:
Klassestyrarane i 1. og 2.klasse ved dei
to barneskulane i kommunen er samarbeidspartnarar. Rektorane og skulesjefen
er andre som er med i samarbeidet. Alle er kontakta og vil vere med.
Omfang:
Kvar skule får tilbod om ein dobbeltime
på biblioteket ein gong pr. mnd. (eller 1 time anna-kvar veke). Med
førearbeid og etterarbeid vil det bli omlag 10 timar pr. mnd. for
biblioteksjefen i Bygland.
Kanskje kunne det vere triveleg å
kunne gje kvar elev ei bokgåve på slutten av skuleåret
som ei helsing etter eit vonleg triveleg år på biblioteket
(mellom 25 – 30 elevar i alt).
|