
BOKOMTALE
Tittel: Charlie og sjokoladefabrikken.
Forfattar: Roald Dahl
av
Solfrid Borgen
Denne boka byrjar på ein litt annleis måte.
Charlie Bucket bur i ein fattig familie. Faren og mora til Charlie har ikkje så god råd. Charlie har fire besteforeldre, dei heiter Joe, Josefine, George og Georgine. Dei er veldig gamle, dei er over 90 år. Dei har lege i sena si i over 20 år. Dei ligg i ei dobbelsen alle fire. Då blir det ganske trongt, men eg trur dei har det godt og varmt. Dei har jo ikkje vore oppe frå senga på 20 år. Dei spis ikkje så mykje, dei spis bare blomkålsuppe til kvelden, ei potet til middag og ei skive brød om dagen.
Charlie elskar sjokolade. Men han får sjokolade bare ein gong i året, det er på ein spesiell dag; det er på bursdagen hans. Den gleder alltid Charlie seg til. Foreldra må spare pengar til denne spesielle dagen. Ein dag kom far til Charlie heim med avisa, der sto det at Willy Wonka ville invitere fem barn rundt i verda, men bare dei fem som fann gullbillettane i sjokoladen hans!
Dette meiner eg om boka:
Denne boka er kjempegøy.
Det tok ikkje lang tid å lese den. Noe i boka er veldig overdrive,
det er det einaste som er negativt.
Eg vil anbefale boka til
andre.
Helsing Solfrid.
>> Tilbake