[STARTSIDE][STRØMSBU V.G. SKOLE] [ÅMLI V.G. SKOLE] [LESESTAFETTEN] [AUST-AGDER BIBLIOTEK OG KULTURFORMIDLING]

BOKMELDING
Verdas mest forelska par
Rune Belsvik
Boka kom ut i 2001

av Gudrun Øy Hauge
 

Rune Belsvik er fødd i 1956. Han er fødd i Haugesund, og vaks opp på Stord. Som vaksen har han budd i Finnmark og i Kristiansand der hen framleis bur med kone og born. Han har i mange år vore forfattar og dramatikar på heiltid. Han er og aktiv i foreininga til Norske barne-og ungdomsbok forfattarer. Rune Belsvik byrja å skrive ungdomsbøker fordi han ville skrive dei bøkene han ikkje fann då han var ung gut sjølv- bøker som handla om det han var oppteken av. Den første boka var ungdomsromanen Ingen drittunge lenger, den kom ut i 1979. Andre bøker han har skrive er bøkene om Dustefjerten, bøkene om Arne Bu, Kram snø, Alleslags dagar, Sommar-jubel, Tjo-hei og Den som kyssar i vinden.
Han skriv alle sjangre, dikt skodespel, høyrespel, noveller og romaner.
Det gjennomgåande tema i ungdomsbøkene til Rune Belsvik er unge gutar og korleis dei opplever puberteten. Belsvik har motteke mange prisar for bøkene sine. I 2000 fekk han Brageprisen for beste ungdomsbok.

Den boka av Rune Belsvik som eg har lese heiter Verdas mest forelska par.
Boka handlar om eit svært forelska par som bur i eit lite hus i Bløygen. I Bløygen er der berre ein lyktestolpe, og Bidger og Esmiluni er så forelska at utelampa blinkar. Dei har ein julepyntbutikk i Bløygen der dei lager mykje fin julepynt. Om morgonane før dei reiser på jobb har dei tannkremskumkonkurranse. Ofte er dei så forelska at dei ikkje kan gå på jobb, men er heller heime og kallar kvarandre mange ting som Nupperella mi, Godteposen min, Tyttebæret mitt, Kakestrøet mitt og Elsklingen min.

I Bløygen bur og Bjørn Disel som driv ein bensinstasjon. Han er og forelska i Esmiluni, men ho er allereie veldig forelska i Bidger.

Ein dag stod det i avisa at det skulle vere verdsmeisterskap i PLUDRING OG ROMANTIKK . Alle i Bløygen vil at Bidger og Esmiluni må vere med i konkurransen, sidan dei er så frykteleg forelska. Kommunestyret heia på dei med hurra- og jippi rop. Til og med songkoret stilte opp. Alle ville svært gjerne at eit par frå Bløygen skulle vinne slik at Bløygen kom på kartet.

Eg syntes boka var gild, men samtidig litt kjedeleg. Det var veldig mykje gjentaking om det å vere forelska. Eg synes nok at det var litt lite handling. Det store var jo meisterskapet i pludring og romantikk og alt dreidde seg liksom om dette. Eg følte nok at heile boka var litt jabbete.
 
 

>> Tilbake